Kulå Bowling +GO2 Grill = SANT!

Kulå Bowling +GO2 Grill = SANT!

«NORGES BESTE» BURGER KJEM TIL VALLDAL -  2.OKTOBER SKJER DET!

Kulå Bowling AS fornyar seg, og blir med på laget til Go2Grill - Norges råaste burgerkonsept! Dei siste detaljane er i ferd med å komme på plass, og fredag 2. oktober blir det «nyopning» på Kulå med heilt splitter ny pizzameny og ikkje minst eit utvalg av GO2 grill sine fantastiske signaturrettar.

Vi gleder oss veldig til dette,  og til opningshelga 2-4 oktober lovar vi KNALLGODE TILBOD og kampanjar frå morgen til kveld! Følg oss her og på Facebook for fortløpande oppdateringar fram mot opningshelga.

https://www.facebook.com/GO2GrillKulaBowling

Snart kjem det for eksempel ein KONKURRANSE  på Facebook der du kan vinne flotte premiar, og kanskje har vi endå fleire overraskelsar på lur! God helg !

(meir infomasjon om serveringskonseptet GO2 Grill finn du her : https://www.go2grill.no/ )