Reklame

Reklamespottar på bowlingskjermar

Kulå Bowling ønsker å vidareutvikle reklamen ved å selge reklameplass på bowlingskjermar og 
rake. Vi har redusert prisane frå tidlegare år og ønskjer med dette å kunne fylle opp plassane.   Det er avgrensa tal ”spottar” og nokon  forskjellige typar å velge blant. Her er ein oversikt over produkta og prisane:

Rake

Dette er ein fast reklame festa på rake som ryddar kjeglene etter kvart kast på banene. Denne blir vist 20 gongar pr. spelar/serie. Det vil sei at dersom det er 4 spelarar på banen vil den bli vist totalt 80 gangar under eit spel. Det er kun 4 tilgjengeleg av denne reklamen!

Open Spot

Denne blir vist på skjermen over banen. Den visast mellom kvar spelar (unntatt ved Strike og spare). Vi har opna opp for 10 ledige spottar (pr. bane) her og har ein 1 spot vil denne visast en gang / spelar. Ved 4 spelarar vil den altså bli vist 4 gongar under eit spel. Spotten ser ein i ca. 4 sekund..

Skjermbeskyttar

Dette er reklame som rullar på skjermane på dei banene det ikkje blir spelt på. Her står kvar spot i 20 sekund og vi har opna for 20 spottar. Det vil sei at din reklame vil bli vist i 20 sekunder med ca. 6 minutts intervall. Ein spot her går på alle skjermar!

 

Med reklame i bowlinghallen på Kulå i Valldal er det ein stor sjanse for at våre kundar kan bli dine kundar! Vi har kundar frå heile distriktet, så dette er en unik sjanse til å profilere di bedrift.

Det blir spelt ca. 27.000 seriar kvart år . 
Annonsen er rimelig i forhold til ein avisannonse, som blir vist berre ein gong. 

Du kan bestille reklame på skjerm, rake og spot til ulike prisar. 

Din reklame blir vist så mykje: 
Open spot: ca. 90.000 gangar. pr. år 
Rake : ca. 540.000 gangar. pr. år. 
Skjermbeskyttar: 20 sekundreklametid  kvar 6. min,  på banene som ikkje er i bruk.

 

Prisar eks.mva :

Produkt

Heil år

Skjermbeskyttar

2 130,-

Open Spot

3 500,-

Rake

6 800,-


I tillegg kjem utforming av reklameplakat på kr. 300,-. 
Vil du forandre reklamen i leigeperioden kostar det kr. 200,- pr. gong.
Oppseiingstid 31. Oktober.

Avtalen blir vidareført  automatisk  om den ikkje blir oppsagt av ein av partane.   

Ta gjerne kontakt for ytterlegare informasjon eller booking på mail: post@kula.no